• image
  • image
  • image
  • image

Utstillinga "I DET BLÅ" med Johild Mæland og Åsne Digranes står i Galleri Puls fram til laurdag 29.april.


Johild Mæland kan treffast i galleriet torsdag og laurdag denne siste veka som utstillinga står.

Johild Mæland viser maleri og ein instalasjon. Åsne Digranes viser nye kunsttfoto.

JOHILD MÆLAN På utstillinga i Galleri Puls viser Johild Mæland denne gongen åtte arbeid. Det er sju maleri og eit skulpturelt telt. Motiva er som tidlegare, ei samanstilling av ulike dekorative element som ligg i mange, meir eller mindre transparente malingssjikt. Du finn ikkje dyr eller menneske i bilda hennar, men natur og motiv som refererer til ein allmenmenneskeleg motivkrets med røter langt bakover i tid.

Johild bur og arbeider på Utne. Ho har mellom anna hatt store oppdrag med oppattmåling og utvikling av gamal dekor og målingsteknikkar  på Utne Hotel og i ungdomshuset Trudvang  i Granvin.

I 2016 laga ho fleire skulpturelle telt i ulike storleikar og fargar. Eit av dei kom med på Statens Haustutsilling i Oslo. Dei andre vart plassert i Røldal, på museumsområdet på Utne og eit sette ho opp ute i skogen i prosjektet  Oranki Art i Nord Finland.  Dei to siste stadane var i samband med Harding Puls sitt prosjekt Mellom Himmel og Fjord i Hardanger og utvekslinga med Finland.

Inne i teltet i Galleri Puls kan publikum leggja seg på rygg og nyta dekoren og mønsteret som dannar seg i gjennomlysinga i teltduken.

ÅSNE DIGRANES er frå Odda med busett i Bergen.  Åsne sitt medie er foto. Denne gongen har ho konsentrert seg om naturen og blåtonar.  Vinteren har gitt inspirasjon til å fanga stemningar og detaljar i landskapet. Men ho har og med nokre bilde med karakterar  frå nedlagd industriområde. Det er tema ho har vore oppteken av tidlegare og som ho viste for eit par år sidan då desse to kunstnarane og hadde  utstilling i saman i Galleri Puls. Denne gongen er felles tema for kunstnarane si utstilling den blå fargen og utstillinga har difor fått tittelen ” I DET BLÅ”

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

El

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 


 

 

 


 

 

 

.